Tidvende av Arne Garborg (1877)

 

Det ser ut til, at literaturen vaar no er aat aa svinga inn paa ei ny leid. Ibsen hev «forandret signalerne», og Bjørnson stend like eins i eit vende; dette viser seg ikkje minst tydelegt i dei bøkerne som kom no sist: «Samfundets Støtter» og «Magnhild».

«Samfundets Støtter» er i ymse ting ulik dei andre verki av Ibsen. Det ser ut som den store «spyrjaren» er leid av aa riva no og vil vera med aa reisa, aa byggja. Um so er, vil det vera eit stort vende i diktarlivet hans. Men og eit faarlegt vende; for det var «tvilen som gjorde honom til skald»; slepper han den, so er det kannhende ute med diktaren. Men at han vinn seg fram med byggjande tankar er eit framstig, som vekkjer iminsto ynskje um, at skalden ikkje maa vera paa nedveg.

— Det samfundet, Ibsen i dette arbeidet skildrar, er eit samfund av heidrsmenn. Heidrsmenn av det kjende slaget, desse som «nyder almindelig anseelse» o. s. fr., og som sistpaa fær ein orden eller ei onnor premi. Samfundet deira er utanpaa blankt, men innantil heller krankt. Og med all si «samfundsstydjing» strævar dei for sig sjølve i grunnen; skal sanningi upp, so er det skralt stell, det meste: kalkslegne graver og rotenskap. Men seg imillom gjeng desse samfundsstytturne og gjøler kvarandre upp best dei kann. Og mest gjøler dei for storkulten, mynstermannen og fyregangsmannen, han som dei alle treng: konsul Bemick. Det sluttar med ei festleg tilstelling, der alle desse fagnamennerne fær premi: ein eit kaffistell av sylv, em ei gild tekstbok o. s. fr., og ein adjunkt, samfundsstøtte sjølv, held ein staseleg festtale, ei av dei som me kjenner so godt ifraa livet.

Men konsul Bernick er betre paa botnen enn ein skulde tru. Det snur seg so, at han fær augo upp for tomrøyvet og lygni i alt dette og i heile livet sitt; midt i festen stig han fram og fortel sanningi. Heilt ut og fraa fyrst til sist. Folk tagnar. Festen er slutt. Ljosi sloknar; konsul Bernick er utstøytt or «stytte»-laget.

Mot heile denne forlogne smaasamfunds fins-legdomen viser Ibsen fram — A m e r i ka. Folk er kannhende ikkje so smaapyntelege der; men so er dei meir ærlege, meir naturlege; sjølve den amerikanske humbugen er friskare enn den norske, som gjev seg ut for aalvor og sanning og mest trur paa lygni si sjølv. Og den byggjartanken, Ibsen her hev naatt fram til, er god um ikkje ny: at dei som held seg for samfunds styttur berre er samfunds reidskapar, og at det er «frihedens og sandhedens aand» som i røyndi er samfunds studnaden.

— Bjørnson hev me lika, for di han var ein frisk natur i varm samhug med livet og folket og med ei merkeleg fast tru paa Norigs framtid. No er han som so mange andre komen upp i ymis tvil; «intelligensen» trur han ikkje paa meir enn fyrr, og trui hans paa folket er ikkje heller noko sterk lenger. Bonden søv, segjer han, «snorksøv»; so faakunnig, trongsynt, raa er bonden, at det er raadlaust aa faa honom med i framgangsarbeidet. Kor skal daa Bjørn* son snu seg?

Av den nye forteljingi hans, «Magnhild», ser me det same. Det gjeng reint ein kaldgust gjenom denne boki. Dei bønderne han fortél ura er i grunndragi dei same som han fyrr hev skildra; men hev han fyrr sétt berre det varme og friske som laag under den kalde yta, so ser han berre utsida no. Og daa vert det fraa topp til taa dei same bønderne som Ibsen hev synt oss i «Brand».

Med Magnhild, hovudpersonen, er det noko dilikt. Ho er ei bondegjente, fin og fager og bljug og graatmild som den Bjørnsonske bondegjenta fyrr hev vore, men for lite fyre seg, drøymesjuk, hugtung, viljeveik, rædd, eit underleg blidt og spakt og beinlaust ting, som aldri vaagar seg fram, aldri tek i, naar det gjeld paa, berre tegjer, drøymer, græt. Det er Bjørnsongjenta fraa fyrr, og endaa ikkje den same.

Me finn her eit nytt syn. Fyrr var denne gjenta eit mynster; no er ho ein sjuking som treng helsebot eller eit barn som treng uppfostring. Det gode ho hev, reinleiken og den fine kvinneblygsla, er berre ein passiv eigenskap, motstandskraft, ikkje liv, eld, framtak. Vekkjing er det daa ho treng. Og korleis skal ho faa den? Jau: Bjørnson vil sende henne til

— Amerika.

Same tanken! – Og som sagt: dette læt seg forstaa; av det friske, sterke livet i Amerika hev me mykje aa læra. Det som det gjeld um er, at me arbeider oss fram til større fridom og sterkare liv; og vil me, so kann me. Me fær ikkje ormodast, um me ser at det er langt fram og ber smaatt i veg; tolmod maa til; sjumilsstyvlar eig det norske folket berre i eventyret.

Kilde:
Garborg, A. (1920). Straumdrag: Literære utgreidingar fraa aatti- og nitti-aari. Kristiania: Aschehoug. s. 1-4

Legg inn en kommentar